Vinkjellar
Sidan 1979 har eigar og vinentusiast Jan Bruse Andersen brukt mykje tid og energi på å realisere ein draum om å bygge opp ei av verdas mest komplette vinsamlingar.
Park Hotel Vossevangen AS er stolte over at Jan Bruse Andersen sin draum i dag er realisert og at vi har ein av verdas største og beste vinkjellarar med over 40.000 flasker på lager. Vinsamlinga dekker stort sett heile vinverda og inneheld om lag 5.300 etikettar.
Vi trur at vin kan fortelje ei historie og at kvar flaske er ei unik oppleving, ei oppleving vi gjerne vil dele med deg.
Ta del i den historia kvar vinflaske kan fortelje, frå den unge og sprudlande til den meir subtile karakteren av moden vin.Vi er stolte av å kunne gje vinen den tid den treng for å utvikle potensiale sitt for slik å kunne fortelje historia si på beste måte.
Den som i dag administrerer og tek vare på denne vinskatten er vindirektør Francesco Marzola. Francesco Marzola er vinnar av «Norgen beste sommelier « i 2020 og «Skandinavias beste sommelier « i 2018 og saman med det unge teamet sitt av talentfulle sommelierer vil du som gjest være i dei beste hender.
Grunna den tid og omsorg lagra vin krev ber vi om at vinen blir bestilt minst eit døgn før den skal nytast.
Francesco Marzola Wine Director
Robert Rosales Johansen Sommelier
Reidar Rosales Johansen Sommelier