Vossa Jazz

Vossa Jazz 2020 Avlyst

Informasjon frå Vossa Jazz

Grunna utbrotet av korona-viruset og nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen i Voss herad, har me diverre måtta ta den tunge avgjerda å avlysa årets Vossa Jazz, 3. – 5. april. Vossakveik 2. april er òg avlyst.

Me ynskjer å bidra til å avgrensa smitteutbrotet og vil prioritera omsynet til folk som er i risikogruppa. 

Vossa Jazz jobbar med å løysa utfordringar dette vil skapa for festivalen og dei involverte. Me ber om forståing for at ikkje alle svar er klare per no, mellom anna spørsmål kring refundering av billettar. 

 

 

Vossa Jazz vert i dagane 3. – 5. april 2020 skipa til for 47. gong!

Festivalen er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert tingingsverk og andre prosjekt. Den musikalske profilen femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Badnajazz, ungdomssatsinga Jijazz, Eldrejazz og Superjazz for menneske med funksjonshemmingar er alle viktige element i festivalen

Nyheiter


You are now subscribed