Bli med inn i skattkammeret på Park
Verdas beste vinar ventar i ein hotellkjellar på Voss
Vår filosofi er at alle skal ha råd til å unne seg ei flaske verkeleg god vin, seier restaurantsjef på Park, Merete Bø.
Difor er me ikkje så glade i gangetabellen. Me har eit fast påslag på vinen, og gonger ikkje med to eller tre, slik som andre restaurantar gjer, fortel ho.
Resultatet er at du kan få nokre av verdas beste og mest sjeldne vinar til svært gode prisar på Park. Faktisk så gode at ryktet har spreidd seg over landegrensene. Ein belgisk vinentusiast køyrde eins ærend frå Brussel til Voss for å sikre seg nokre flasker av skatten på Park. Han var ikkje like nøgd då han fekk vite at han ikkje fekk ta dei med seg tilbake.
Park Hotel´s vinkjeller har fått tildelt "Best Awards of Exsellence" fra det anrekjente tidsskriftet
Wine Spectator.
Smak på verdas beste vinar
Restaurantsjef Merete Bø og hotelldirektør Jan Bruse Andersen er gjerne vegvisarar inn i den store og mangfaldige vinverda. For så godt som kvart einaste gode vindistrikt i heile verda er representert i kjellaren på Park. Mellom 40 000 og 50 000 flasker fyller skattkammeret frå golv til tak. Her er det om å gjere å trå forsiktig! Inntil 20 personar får sleppe inn i det aller heilagaste av gongen, og deretter smake på nokre av skattane. Du kan sjølv velje kor mange vinar du vil smake på, og i kva prisklasse dei skal ligge.
Du kan til dømes smake på tre kvite og tre raude vinar, til ein samla pris av 275 kroner per person og oppover. Me tilpasser smakinga til alle nivå i gruppa. Nokre er kanskje heilt blanke når det gjeld vin, medan andre er meir vidarekomne. Me tilpassar individuelt, slik at alle får ei stor og hyggeleg vinoppleving, uansett kor drevne eller uøvde dei måtte vere.
Sosialt og spennande
Du treng ikkje ha inngåande kjennskap til vin for å ha glede av god vin. Det er nettopp dette som er noko av poenget på Park: Hjå oss kan du oppleve noko nytt, smake noko du aldri har smaka før - og som få andre har smaka før deg! Det er ingen grunn til å ha prestasjonsangst. Mange synest det er vanskeleg å kjenne skilnaden frå ein vin til ein annan, men det er fordi det gjerne går lang tid mellom kvar ulik vin. Her får du smake fleire vinar etter kvarandre, og då kjenner ein lett nyansane og skilnaden mellom kvar enkelt, fortel Merete Bø.
Stadig fleire bedrifter ser gleda og nytten i det sosiale rundt ei vinsmaking. Vinsmaking er moro og spennande, og "teambuilding" på høgde med det meste.

Satsing på lokale råvarer
Restaurantsjef og vinkelner Merete Bø har ein av Europas tyngste utdanningar innan vin. Wset Diploma (Wine & Spirit Education Trust Diploma) er ei internasjonal utdanning som tyder at innehavaren kan sitt fag til fingerspissane, både når det gjeld vin, brennevin og mat. Merete Bø har si eiga vinspalte i avisa Hordaland, og Vinmonopolet nyttar hennar eks-pertise når dei testar ny vin.
Park samarbeider med Gastronomisk Institutt i Stavanger for å lyfte maten på Park til stadig nye høgder, og gje vinen det fylgjet han fortener. Dette inneber ei sterkare satsing på lokale råvarer:
Voss er leiande på lammekjøt, og det vil våre gjester merke. I tillegg får me eit fantastisk kalv- og oksekjøt frå distriktet. Frukt, bær og økologisk dyrka grønsaker får me frå Balestrand, honning frå Voss og mykje god, spennande norsk ost. Sjølv om mykje av maten hentar inspirasjon frå Frankrike og Italia, er me opptekne av å servere kortreist mat på våre bord.
Gjer eit vinkupp i "lådan"
I Park sin restaurant Elysée kan du velje frå a la carte-menyen eller få servert ein fastlagt 3-, 4- eller 5-rettars meny med inkludert vinpakke.
Eg tør påstå at vinkartet i Elysée er det største og beste ein kan finne nord for Tyskland. I tillegg har me restekassa "lådan", kor flasker hamnar etter kvart som me har opprydjing i samlinga. Blant resteflaskene gøymer det seg verkelege godbitar, slik at du kan ende opp med å betale 375 kroner for ein vin til minst det dobbelte, smiler Merete Bø, og legg til at Elysée óg har ei svært rikhaldig avecvogn.
Dersom du veit kva vin du vil ha, kan du vere ganske sikker på at me har han. Dersom du ikkje veit kva du vil ha, fortel du meg kva slags vin du likar. Då veit eg raskt kva du vil ha glede av å prøve, oppmodar restaurantsjef Merete Bø.
"Eit måltid utan vin er som ein dag utan sol" Fransk ordtak
"Vin er ljos halde saman av væske" Galileo Galilei
Ikkje all vin lar seg kjøpe for pengar
Sommaren 1965 reiste Jan Bruse Andersen på vintur til Frankrike, utan pengar.
Ein månad, og uendeleg mange på-spanderte vinflasker seinare, kom han tilbake til Noreg med ei lang liste av nye, vinproduserande vener og ei glødande interesse for vin.

I dag har Jan Bruse Andersen ein stad mellom 40 000 og 50 000 vinflasker i samlinga si. Mellom desse finn du nokre av dei mest ettertrakta og sjeldne vinar i verda. Mykje på grunn av venene han fekk den sommaren for førti år sidan.
Det var jo hotellbransjen eg ville inn i, og då var det naturleg å starte som kelner. Vinlære er ein stor og naturleg del av servitørfaget, og jo meir eg lærte, di meir nyfiken vart eg. På reise i dei store vinområda har eg lært mykje, og samstundes fått god kontakt med ulike vinprodusentar, fortel hotelldirektør på Park, Jan Bruse Andersen.
Dei nære banda er gode å ha når ei heil verd kjempar om vinen frå dei beste produsentane.
Fleire produserer i liten skala, kanskje er det berre snakk om eit par hundre flasker av ein spesiell type vin. Likevel får me ei kasse eller to av årets produksjon. Me er oppriktig interesserte i vin, og det er det mange produsentar som set pris på. Det er mykje vin som ikkje lar seg kjøpe for pengar, smiler han.
Stadig fleire vinturistar
Jan Bruse Andersen og kona Gro Andersen tok over Park Hotel Vossevangen i 1979.
Den gongen hadde hotellet "spisesal". Me drøymde om å lage restau-rant. Og for å ha ein god restaurant, må du ha god vin. Difor begynte me å kjøpe inn vin systematisk, og over ein tiårs-periode bygde me opp vinkjellaren med det aller beste me fekk tak i til ein rimeleg pris, fortel han.
I dag rommar vinkjellaren på Park ei av dei største, beste og mest rikhaldige vinsamlingar i Nord-Europa.
Folk kjem frå inn- og utland, eins ærend for å nyte vin hjå oss på Park. Det er gledeleg å sjå at vininteressa heile tida veks i Noreg, og at me får stadig fleire vinturistar. Me er heile tida på jakt etter nye vinar, og er opptekne av at samlinga er i utvikling.
Og kva vil så hotelldirektøren tilrå som eit spesielt godt kjøp for vinturistar på Voss?
Ein velmogen Bordeaux av 82-83- eller 85-86-årgang. Då får du mykje vin for pengane. Og garantert eit ynskje om fleire turar tilbake til Park, lovar han.
Park Hotel Vossevangen har norges største vinkart.
Last ned vinkart (PDF - 490kb).
Høyr Park sitt vinkurs på radio
Lær meir om vin på NRK Radio sine nettsider. I ein serie vinprogram fortel tidlegare restaurantsjef på Park, Merete Bø, om druetypar og vindistrikt rundt om i verda. I serien får du óg tips om gode kjøp på Vinmonopolet og i utlandet.